Eikanger-Bjørsvik Musikklag (EBML)

frå Nordhordland har i ei årrekkje vore eitt av dei leiande brassbanda i Europa. Stor spennvidde i repertoaret framført med høg musikalsk kvalitet har gjort ensemblet kjend langt utover landegrensene.

Dei siste åra har Eikanger-Bjørsvik tatt nye steg framover. Ensemblet har fått ein plass i festivalar som aldri før har prioritert korps: I 2002 framførte dei "Lux Aeterna" med dansekompaniet Carte Blanche under Festspillene i Bergen. Balletten av Jo Strømgren var opningsforestilling i festivalen og fekk særs gode kritikkar. Framsyninga var òg sett opp i Sandnes i Rogaland og under Olavsdagene i Trondheim same år. Eikanger-Bjørsvik har i seinare år vore på programmet i Vossajazz, Autunnalen – festival for ny musikk, Dei Nynorske Festspela, Mediefestivalen i Bergen og Saddleworth Festival of Music and Arts.

I 2003 ga Eikanger-Bjørsvik ut cd-en "Art of the States", i 2005 "Tales & Stories". Det var den 11. og 12. plateinnspelinga i korpset si historie og var milepælar: For første gong var all musikken arrangert og tilrettelagd av medlemer i korpset sjølv, arrangert av EBML-musikarane Frode Rydland, Svein H. Giske og EBML-dirigent Reid Gilje. I 2006 ga EBML ut "20 Supreme Years" med Howard Snell og "Chatham Dances" med Elgar Howarth.

Forutan Norge har korpset turnert i England, Skottland, Wales, Danmark, Sveits, Nederland og Belgia. Nye turnear er under planleggjing.

Eikanger-Bjørsvik er det meistvinnande brassbandet i Norge. 9 NM-titlar, 2 EM-titlar, 12 sigrar i underhaldningskonkurransen Siddis Brass, 2 triumfar i TV-konkurransen Resonans har ensemblet bokført.

Eikanger-Bjørsvik engasjerer seg sterkt i korpsrørsla i Nordhordland. Dei aller fleste skulekorps i området har dirigentar som er knytt til EBML. Kvar sommar inviterer Eikanger-Bjørsvik skulekorpsungdom til Feriespel, tre dagar med undervisning, leik og moro. Ved siste samling var meir enn 70 musikantar på plass.

Sist endret 12.04.2007 kl 21:07

Kalender

<< < Februar 2010 > >>
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28

Gå til i dag

Neste konsert

EBML møter Kløvheim Skulekorps - Fammestad (Nyheim Kino)
17.09.2010 kl 19:00
For første gong på nær 20 år spelar Eikanger-Bjørsvik konsert i Nyheim Kino på Fammestad! Sist gong korpset vitja lokalet var i 93/94-sesongen i samband med ei motivasjonshelg som vart arrangert for Kløvheim Skulekorps. Eikanger-Bjørsvik arrangerte fleire slike motivasjonshelger for lokale skulekorps; dette var forløparen til det no t...radisjonsrike Feriespelet.

Eikanger-Bjørsvik vert dirigert av sin faste dirigent Reid Gilje, og programmet inneheld blant anna dette:
Danzón No. 2 (Márquez/Gilje)
Hoedown from 'Rodeo' (Copland/Snell)
March - The Red Shield (Goffin)
Russlan & Ludmilla (Glinka/Snell)
Sommarsång (Berger/Giske)
The Song of the Brother (Liedzén) - euphoniumsolist: Patrik Randefalk

Kløvheim Skulekorps opptrer og på konserten med sin faste dirigent, Eikanger sin eigen solo Eb-tubaist Magnus Brandseth.

Gratis inngang.

Vel møtt!

Hovudsamarbeidspartnarar



Bedriftsmedlemer




Ynskjer du meir informasjon om bedriftsmedlemskap - ta kontakt med Nina Mjanger Eide

Grasrotandel

Postboks 76 | 5902 Isdalstø | Tlf: 56 35 15 15 | ebml@online.no | Bankgiro: 3632.50.03116