Var du der ikkje?

Fekk du ikkje med deg NM-preludiet, så ikkje fortvil. Me har smakebitar til deg.
Måndag 1. februar spelte Flesland musikklag og Eikanger-Bjørsvik musikklag konsert saman i Logen i Bergen. På repertoaret var sjølvsagt korpsa sine NM-numre.

Flesland urframførte "Norwegian Landscapes", eit stykke som Magnus Hylander har skrive til korpset i høve NM. Dirigent er Patrik Randefalk, EBML sin solojuff.

Eikanger-Bjørsvik spelte først pliktnummeret, Sketches from Nowhere av Thomas Doss, deretter Titans Progress av Hermann Pallhuber som er korpset sitt sjølvvalde verk.

Til de som ikkje var der: Her er Titans Progress i opptak (delt opp i to delar grunna lengda.)




Av Christian Lura
Publisert : 03.02.2010 kl 20:32
Sist endret : 04.02.2010 kl 04:04

Kalender

<< < Februar 2010 > >>
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28

Gå til i dag

Neste konsert

EBML møter Kløvheim Skulekorps - Fammestad (Nyheim Kino)
17.09.2010 kl 19:00
For første gong på nær 20 år spelar Eikanger-Bjørsvik konsert i Nyheim Kino på Fammestad! Sist gong korpset vitja lokalet var i 93/94-sesongen i samband med ei motivasjonshelg som vart arrangert for Kløvheim Skulekorps. Eikanger-Bjørsvik arrangerte fleire slike motivasjonshelger for lokale skulekorps; dette var forløparen til det no t...radisjonsrike Feriespelet.

Eikanger-Bjørsvik vert dirigert av sin faste dirigent Reid Gilje, og programmet inneheld blant anna dette:
Danzón No. 2 (Márquez/Gilje)
Hoedown from 'Rodeo' (Copland/Snell)
March - The Red Shield (Goffin)
Russlan & Ludmilla (Glinka/Snell)
Sommarsång (Berger/Giske)
The Song of the Brother (Liedzén) - euphoniumsolist: Patrik Randefalk

Kløvheim Skulekorps opptrer og på konserten med sin faste dirigent, Eikanger sin eigen solo Eb-tubaist Magnus Brandseth.

Gratis inngang.

Vel møtt!

Hovudsamarbeidspartnarar



Bedriftsmedlemer




Ynskjer du meir informasjon om bedriftsmedlemskap - ta kontakt med Nina Mjanger Eide

Grasrotandel

Postboks 76 | 5902 Isdalstø | Tlf: 56 35 15 15 | ebml@online.no | Bankgiro: 3632.50.03116