
HUBB - Hordaland Ungdomsbrassband er eit samlingskorps for skulekorpsungdom over 13 år. Korpset har 4 samlingshelger årleg, på forskjellige stader i Hordaland.
Korpset vart stifta i 2005, og over 70 tidlegare HUBB-musikantar speler no i korps i dei øverste divisjonane i Noreg.
Det er rom for ca 40 medlemmer i korpset, fordelt på dei forskjellige instrumenta. Det er diverre ikkje plass til alle, så ein kan kome på venteliste. Prøvespel kan verte aktuelt dersom leiinga ser at dette er nødvendig for å skilje kandidatar.
Samlingshelger sesongen 2022-2023:
2.-4. september 2022, Norheimsund
25.-27. november 2022, Hetlevik
17-19. februar 2023, Rosendal
12.-14. mai 2023, Knarvik
Søknadsfrist for nye medlemmer er 05.05.2022.
For å søkje om å bli medlem, trykk her.