Akademiet Eikanger-Bjørsvik
Eikanger-Bjørsvik engasjerer seg sterkt i korpsrørsla i Nordhordland. Veldig mange skulekorps i området har dirigentar og instruktører som er knytt til EBML.
EBML lanserte i samband med NM for brass 2015 vår utdanningsnyvinning, "Akademiet Eikanger-Bjørsvik". Dette er ei stifting drifta av EBML som organiserer og tilbyr ulike utdanningstilbod retta mot korps. Ein tilbyr seminar, direksjon, instruksjon, meisterklassar og utvikling av styrekompetanse med krefter i og rundt EBML. Dette er ei organisering av arbeidet retta mot born og unge EBML har gjort i ei årrekkje, der me også får moglegheit til å utvida tilbodet vårt.
Ein til to gonger i året samlar EBML saman musikantane frå skulekorpsa omkring til ulike aldersinndelte korps kalla "EB-Junior", "Super-EB" og "Mini-EB". Her speler dei saman ei helg med EBML-musikantar i og rundt korpset.
Kvar sommar inviterer Eikanger-Bjørsvik skulekorpsungdom til Feriespel, tre dagar med undervisning, leik og moro. Ved siste samling var meir enn 100 musikantar med.