Bjarte Engeset (f. 1958)
er frå Ørsta og har studert direksjon med Jorma Panula ved Sibelius-akademiet. Ved hans diplomeksamen i 1989 som var ein av dei beste i Akademiet si historie, fekk han den høgast oppnåelege poengsummen. I 1991 vart han beden til det vidkjende dirigentseminaret i Tanglewood i USA.
Engeset har vore sjefdirigent og kunstnarisk leiar for Tromsø Symfoniorkester og for «Det Norske Blåseensemble». Han har i ei årrekkje vore kunstnarisk leiar for Nordlysfestivalen og Opera Nord og permanent gjestedirigent for det Flamske Radio- symfoniorkester. Frå 2007 tiltrer han som sjefdirigent / kunstnarisk leiar for DalaSinfoniettaen.
Engeset har dirigert konsertar, turneproduksjonar og CD-innspelingar med leiande orkester i alle nordiske land og Baltikum. Han har dirigert Royal Philharmonic Orchestra, St.Petersburg Philharmonic Orchestra, Czech Philharmonic Orchestra, Zagreb-Filharmonien, Royal Scottish National Orchestra, Bournemouth Symphony, Flamsk Radiosymfoniorkester, alle med strålande kritikkar. Hans konsertar med Baltimore Symphony i November 2005 vart mottatt med publikumsovasjonar og særs rosande omtale i m.a. The Washington Post. I juni 2006 leia han Moskva Radio Symfoniorkester under gjestepel på den prestisjetunge østerrikske Wörthersee Classics-festivalen i Klagenfurt.
I sesongen 2006/2007 dirigerer Bjarte Engeset store produksjonar med orkester i Norge, Sverige, Danmark og England.
Engeset har gjort mange kritikerroste CD-innspelingar:
– Johan Svendsen sine symfoniar med Bournemouth Symphony Orchestra. (Naxos)
– De fire CD-innspelingane av Geirr Tveitt´s Orkestersuiter frå «100 Hardingtonar» og klaverkonsertar (solist Håvard Gimse) med Royal Scottish National Orchestra (Naxos) har oppnådd flere «Editor´s Choice» i Gramophone og høgaste utmerkingar i BBC Music Magazine.
– «Norske Orkesterfavoritter» med Island Symfoniorkester.(Naxos)
– Verk av Klengel med NDR Filharmoniske Orkester (CPU)
– Flere CD-innspelingar av flamsk musikk med det Flamske Radiosymfoniorkester.(Klara)
– CD med «Madredeus» og Flamske Radiosymfoniorkester (EMI)
Engeset leiar innspelinga av Naxos´nye «Grieg Orchestra Edition». Volum 1 utgjeve hausten 2004 inneheld Klaverkonserten, Ouverturen «I Høst» og 4 Symfoniske Dansar, spelt inn med med Royal Scottish National Orchestra og med Håvard Gimse som solist. Plata har mottatt glimrande internasjonal presseomtale. Innspelinga av Sibelius og Sinding sine fiolinkonsertar på Naxos med Henning Kraggerud og Bournemouth Symphony er også blitt utropt til ein av de mest spennande på markedet.
Han har dirigert Eikanger-Bjørsvik i vår konsertserie i Bergen. I januar 2007 dirigerte han ensemblet under RNCM Festival of Brass i Manchester, til glitrande kritikkar.