Howard J. Evans
er utdanna innanfor faga piano, direksjon og instruksjon ved Universitetet i Manchester. Han er i dag ein etablert musikar og dirigent i Storbritiannia og har inntatt scener som The Royal Albert Hall, Bridgewater Hall og The Queen Elizabeth Hall, samt jamlege oppdrag i Canada og USA i tillegg til europeiske land som Noreg, Sverige, Nederland, Tyskland, Austerrike og Sveits. Howard er óg tett knytta til frelsesarmeens brassband-miljø både i England og i Nederland. Han har óg dei senare åra vore gjestedirigent for fleire prestisjetunge britiske brassband, blant annet Celebrity Brass Band under premieren på Karl Jenkins flotte «The Armed Man» i brass-versjon, Leyland Band under RNCM Festival of Brass i 2008, Grimethorpe Colliery Band og Brighouse and Rastrick Band. I brassband-Noreg er gjerne Howard mest kjent som sjefsdirigent for Jaren Hornmusikkforening, noko han har vore sidan 2012. |