Howard Snell
Howard Snell har studert ved The Royal Academy of Music. Han byrja karrieren som principaltrompeter i London Symfoni Orkester (LSO). I åtte av desse åra var han styreformann i orkesteret, og ein sentral aktør i prosessen som befesta LSO sin posisjon som leiande symfoniorkester på verdsbasis. I tillegg opptrådte han som trompetsolist, og hadde i det høvet fleire samarbeid med BBC TV og radio. Den andre delen av karrieren starta då han i 1978 forlet LSO med eit ønskje om å utvikla seg som dirigent. Han grunnla sitt eige ensemble, The Wren Orchestra, som var knytta opp mot London`s Capital Radio, og som gav hundrevis av konsertar og kringkastningar. Saman produserte dei fleire kommersielle utgivingar, med eit vidt repertoar, frå Haydn og Mozart, til Copland og Gershwin. Snell har også dirigert The Royal Philharmonic Orchestra, The Philharmonia, The City of London Sinfonia, The London Mozart Players, The Manchester Camerata og The Ulster Orchestra. Howard Snell har alltid hatt ei sterk interesse for brassband, og han er særs aktiv som komponist og arrangør av repertoar for ensembleforma. Som dirigent innanfor denne genren har han utvikla og løfta fleire ensemble opp på eit høgare musikalsk nivå, noko som også Eikanger-Bjørsvik Musikklag har fått glede av, etter at han i 1986 takka ja til rolla som sjefsdirigent for korpset. |