
HUBB - Hordaland Ungdomsbrassband er eit samlingskorps for skulekorpsungdom over 13 år. Korpset har 4 samlingshelger årleg, på forskjellige stader i Hordaland.
Korpset vart stifta i 2005, og over 70 tidlegare HUBB-musikantar speler no i korps i dei øverste divisjonane i Noreg.
Det er rom for ca 40 medlemmer i korpset, fordelt på dei forskjellige instrumenta. Nye medlemmer vert tekne opp kvar haust, valgt ut etter prøvespel, som vert gjennomført på våren. Det er diverre ikkje plass til alle, men ein kan koma på venteliste.
Prøvespel vert gjennomført på BPG (Bergen Private Gymnas, rett ved Grieghallen) sundag 16. april. Dette er same helg som Hordablæsten. Me tilbassar tidene til dei som skal delta i konkurransen. Du vil få tilsendt repertoar frå oss ca to veker før. Dette vil vere eit mindre solostykke og to-tre utdrag frå eit eller fleire korpsstykker. I tillegg vil prøvespelet ha litt bladlesing og eit lite intervju.
Samlingshelger sesongen 2023-2024:
29. september-1. oktober 2023, Leknes (5 min frå Knarvik) - deltaking på BrassWind saman med Eikanger-Bjørsvik
24.-26. november 2023, Rong, Øygarden, konsert saman med Rong Brass
16-18. februar 2024, Øvingshelg i Stord-området
9.-12. mai 2024, Tur til Danmark, deltaking i Aalborg Musikkonkurrence. Me tek båten torsdag, og returnerer sundag
Søknadsfrist for nye medlemmer er 05.04.2023.
For å søkje om å bli medlem, trykk her.
Har du spørsmål: kontakt styret.hubb@gmail.com