Michael Bach
Michael Bach er frå Sveits, og kjem frå ein musikarfamilie. Far hans, Markus Bach, er den som har æra for at det er brassbandrørsle i Sveits, og broren, Philippe Bach (som og gjestar EBML), er ein anerkjent orkesterdirigent. Michael har gjennom mange år vore fast dirigent for Brass Band Bürgermusik Luzern, og har vunne EM med dei. Han har også tidlegare vore sjefsdirigent for Leyland Band. I tillegg til dette jobbar han til dagleg som rektor i musikkskulen i Saanenland-Obersimmental. I 2015 gjesta Michael Bach EBML for fyrste gong, og det var så vellukka at vi har invitert han attende i 2017, denne gongen til å dirigere ein full konsertserie-konsert. |