I helgas underhaldningskonkurranse "Brass in Concert" gjekk EBML til topps og vart då første ikkje-britiske korps som gjekk til topps i konkurransen. Med sitt program "Tales of the North Sea, havna ein foran Fountain City frå USA og britiske Fodens Band. I tillegg vann Tore Bryne Berg prisen for beste trombone - velfortent for ein av brassrøyrslas mest stabile musikantar gjennom årevis. Med dette viser 2017 seg som eit år for historiebøkene med siger i NM, EM, SIDDIS og BiC og tek rett og slett ein skikkeleg Grand Slam! Les meir om konkurransen her hjå 4barsrest.
Me takkar alle for fine ord og helsingar og gler oss til å ta fatt på dei neste to konsertane i 2017. 10.desember vert me vitja av Philippe Bach med eit heftig program av McCabe, Aagaard-Nilsen, Berge og Ulvo. Me rundar av sesongen 15.september med julekonsert i Knarvik kyrkje saman med Seim songkor. Vonar å sjå mange der! Eikanger-Bjørsvik tek for andre gongen turen over stormfulle Nordsjøen for å delta i Brass in Concert. Til helga 18.-19. november samlas toppkorps frå brassøya og tilreisande frå utlandet for den prestisjetunge underhaldningskonkurransen som vert holdt i vakre The Sage i Newcastle.
Etter å ha sigra i SIDDIS for to helger sidan, reiser EBML over med sitt vinnarprogram "Tales of the North Sea", høveleg inspirert av havets enorme krefter. Sidan me deltok for nøyaktig ti år sidan, har det skjedd store forandringar i Brass in Concert-konkurransen i form og kvalitet. Me gler oss til å vende tilbake og møter eit meget skarpt felt. I tillegg til å delta i sjølve konkurransen, speler me også ein konsert laurdag kveld. Der har me med ein god blanding av klassiske perler og framifrå showmusikk. Me gler oss storveis til ein strålande tur og vonar dette igjen vert ein høgdare i året 2017! PS: sjekk gjerne ut opptak frå SIDDIS-helga på TV2-Sumo! Sjø og hav har inspirert mange opp gjennom historia og i årets Siddis og Brass in Concert presenterer Eikanger-Bjørsvik programmet «Tales of the North Sea», inspirert av naturens uregjerlege krefter. Første scene, ‘’Waves on deck'', beskriv ei stor seilskute som kjem ut for eit kraftig uvær ved kysten. Bølgene slår over båten i det som må vere ei dramatisk oppleving for sjømennene. I tilfelle uvær på kysten hadde mange stader ein vaktstyrke, "boatsmen", som skulle rykke ut for å prøve å redde seilskuter frå å verte knust mot klippene. Det var eit risikabelt arbeide og mange satte livet på spel for å redde andre. Scene to, ‘’The Boatmens Ballad'', beskriv deira familie som sit igjen heime og vonar deira kjære mann eller far skal overleve denne stormen også. Solist er Gyda Matland, flygelhorn. I tredje scene flytter vi oss frå overflaten og ned i havet. I stykket «The Mackerel Shoal & the Lonely Monkfish», tek korpset oss med til både makrellstimer i bokstaveleg talt fri flyt og til Breiflabben som ligg åleine og venter på at maten skal komme forbi. Havet er det minst utforska området i verda og vi veit lite om kva som finnes på havets botn. Den fjerde og siste scenen, ‘’Dark Abyss'', tar oss med inn i det ukjente, mørke djupet. Kva finnes eigentlig der nede? Programmet er komponert for EBML av Kjetil Djønne, Frode Rydland, Reid Gilje og Fredrick Schjelderup. EBML ser fram til ei særs kjekk helg i Stavanger med både konkurranse og festkonsert saman med fantastiske "Polka-Bjørn"! --- Sea and ocean has been an inspiration for many an artistic expression, and for Siddis Brass Entertainment Contest and Brass in Concert 2017, Eikanger-Bjørsvik Musikklag present the program ”Tales of the North Sea” inspired by the impetuous natural forces of the ocean. The first scene, “Waves on Deck” depicts a large vessel encountering a fierce storm. It is dramatic for the seamen as the waves are rolling in on deck, and they are trying to keep the ship steady. The seafront can be rough, and villages along the shore commonly have coast guards, who come to the rescue when boats are in danger of being smashed against the cliffs. Coastal guarding is dangerous work, and many put their life at risk to save others. Scene 2 “The Boatmens Ballad” describes the families of the coast guards, who are left at home hoping their beloved husband or father will survive yet another storm. Gyda Matland is the flugelhorn soloist. In scene 3, we move to the depths of the water. In the piece “The Mackerel Shoal & the Lonely Monkfish”, the band takes us down to a playful shoal of mackerel in fast flow, and a monk fish lying lonely on the sea floor waiting for food to drift by. The ocean is the least explored area on earth, and we know little about what lies in the depths. The fourth and last scene “Dark Abyss” brings us down to the unknown dark deep. What hides down in the deep? The program is composed for Eikanger-Bjørsvik by Kjetil Djønne, Frode Rydland, Reid Gilje and Fredrick Schjelderup. EBML is looking forward to a great weekend in Stavanger with contest and Gala Concert alongside the fabulous "Polka-Bjørn"! ...lyst på meir inspirasjon frå havet? Sjekk ut Magnus sin strabasiøse ferd til Sydpolen! --- ...looking for more inspiration from the sea? Check out Magnus`exiting journey to the South Pole! Etter 28 års ventetid klarte endeleg Eikanger-Bjørsvik hente heim gullet i europameisterskapet for brassband! I helgas europameisterskap i Oostende gjekk EBML heilt til topps og klarte for tredje gong i historia hente trofeet heim til Nordhordland. Saman med dirigent Ingar Bergby leverte korpset to fantastiske framføringar av pliktnummeret "Where Angels Fly" og "Fraternity". På andreplass havna sveitsiske Valaisia Brass Band medan tittelforsvarar Cory Band frå Wales havna på tredjeplass. For meir info om resultata, les her. After 28 years of waiting, Eikanger-Bjørsvik finally managed to secure the european crown in the EBBC in Oostende. For more info about the results, read here. |