Mangler korpset instruktør? Drømmer dere om spesielle dirigenter eller mangler dere noter? Hva med midler til rekruttering? Dere vet hva korpset trenger for å ta steget videre. Addisco deler ut Magnus Midtbøs Korpspris med inntil 30 000,- hvert år. Send en søknad med en musikalsk målsetting, og hvordan dere kan nå denne. Søknadskjema er på addisco.no. Søknadsfrist er 1. mai 2015.
I morgon speler EBML og Sjøforsvarets Musikkorps konsert saman i Grieghallens Foaje kl 19 for fyrste gong på omlag 30 år. Saman med sine respektive dirigentar Michael Bach og Bjørn Sagstad, framfører dei eit spanande og variert repertoar. Sjølv om ein relativt sjelden deler scene i lag, har det likevel alltid vore sterke band mellom dei to korpsa. Begge korpsa har nytt godt av den utvekslinga av dirigentar, musikantar og andre erfaringar ein har hatt i alle år.
Historisk så har det ofte vore at mange musikantar i EBML har endt opp med ein jobb i SFMK, noko som for mange musikarar er ein særs ettertrakta karriere. Av naturlege grunner, gjeld dette berre blåsarar og slagverkarar, men desse har det vore mange av og er det enno. På søndagens konsert har me allereie nevnt Tore Bryne Berg som dobbeltspelande musikant i begge korps, men også Magnus Brandseth vert å sjå på scenen under heile konserten. Av tidlegare EBML-musikantar har me særs mange som på konserten vert å finne i Kongens klær. Svein Henrik Giske og Henning Anundsen på trompet har begge lang fartstid bak seg i EBML. På trombone har også Sindre Dalhaug vore med i EBML. Saman på grovmessing har også Olav Kristiansen vikariert med EBML (og gifta seg med tidlegare EBML-musikant Marit Mostraum). På slagverk er det nesten ingen i SFMK som ikkje har fått si "læretid" i EBML. Unntaket Snorre Svenningsen er likevel i godt selskap når han vert kompa av slagverkerkollegaene sine Craig Farr, Mathias Matland og sjølvaste Hogne Holmås. I administrasjonen til SFMK sit Rene Lie og Milde Sand, der sistnevnte til og med er ein gamal europameisterveteran. Me gler oss til ein spesiell kveld og vonar så mange som mogleg tek turen for å dele den med oss! |