EB-junior 7.-8.mai, Musikkhuset i Knarvik Eikanger-Bjørsvik inviterar nok ein gong til prosjektet EB-junior for aldersgruppa 14-19 år. Her får dei eldste i skulekorpsa treffe likesinna ungdom, og høve til å spele saman på eit høgare nivå enn dei får i skulekorpsa sine. Dette håpar me skal føre til at desse ungdomane vert motiverte til å fortsette i korpsa sine, og at dei vert inspirert til å lære vidare sine ferdigheiter til dei yngste i sine korps. Som tidlegare, har alltid samlinga om våren ført fram til ein konsert saman med Eikanger-Bjørsvik. Denne gongen vert denne konserten i Knarvik Kyrke den 22. mai kl 19.00. Dette betyr at dei som melder seg på EB junior-samlinga, også må binda seg til å delta på denne konserten. Dirigent på denne samlinga og på konserten er Trond Helland, tubaist i Eikanger-Bjørsvik. Pris pr. deltakar som dekkjer mat, notar, dirigent mm: kr 200,- som kan betalast kontant eller med kort ved frammøte laurdag. Laurdag 7 mai, Musikkhuset i Knarvik: 10:45 Frammøte 11.00-13:00 Korps 13:00-13:45 Lunch 13:45-16:00 Korps Søndag 8 mai, Musikkhuset i Knarvik: 11:00-13:00 Korps 13:00-13:45 Lunch 13:45-15:15 Korps 15:15-15:30 Pause 15:30-16:00 Gjennomspeling / minikonsert for foreldre og frammøtte Søndag 22.mai, Knarvik Kyrkje Kl. 19.00 saman med Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Praktisk info om konserten kjem seinare. Mini-EB laurdag 7. mai på Knarvik Ungdomsskule: Også i år har me ei samling for dei aller yngste. Dette er for dei som nettopp har fått instrument, men som ikkje har starta og spela i korpset enno. På denne samlinga legg vi vekt på samspel og speleglede! Dirigent for Mini-EB-gjengen er Kristin Tømmermo Holmås, hornist i Eikanger-Bjørsvik. Pris: kr 100,- pr deltakar. kr 10.45 frammøte på Knarvik Ungdomskule kl 16:00 hentekonsert på Knarvik Ungdomsskule Påmelding: i første omgong har denne invitasjonen gått ut til skulekorpsa i Nordhordland, men no er det åpent for andre også. Anten får ein korpsleiar til å fylle ut påmeldingsskjemaet for alle musikantane i korpset, elles kontaktar ein direkte Toril Ones (toril.ones@hotmail.com / 97 11 50 33). Frist 15. april for påmelding. Få med deg så mange medmusikantar du kan og få sjansen til å spele med EBML-musikantane. Vel møtt! ![]()
|