Desse fem musikarane har nettopp spelt sin siste konsert for sesongen, og skal ikkje vere med neste år. Me vil difor takke for den innsatsen dei har gjort for korpset gjennom ei årrekke.
Christopher Røedvang var vikar på NM og EM i 2012, og tykte det var så stas at han valgte å flytte same haust. Han har dermed vore fast medlem på solokornettrekka i tre sesongar, men har nå søkt permisjon fordi han skal ta etterutdanning, samstundes som han jobbar fullt som lærar og held fram som dirigent i Knarvik Skulekorps. Patrik Randefalk spelte fyrste gong med EBML i september 2006, som vikar. Det gjekk imidlertid ikkje upåakta hen hjå Gyda, som kapra den kjekke svensken til fast medlemskap og ekteskap. No har dei to små born saman, og dette, i kombinasjon med mykje kveldsjobbing, gjer at Patrik no forsvinn ut av dei faste rekkene. Unni-Renate Moe byrja i 2004, men hadde eit avbrot frå 2011-14 grunna mykje overtid på jobben. Det siste året har ho vore med att, og angrar ikkje på det. Imidlertid er det framleis jobben som krever for mykje til at det går an å kombinere med spelinga. Ho trekkjer fram turane og kunkurransane: "Eg har alltid lyst til å øve meir etter eit stort prosjekt, og kjem til å sakne det høge musikalske nivået og å verte dirigert av dyktige dirigentar frå inn- og utland". Fredrik Berentsen har vore med sidan 1998, men hadde eit år pause for å vere i Gardemusikken i 2000. I heimen er det to små barn, samt ei kone som jobbar mykje, i tillegg til at Fredrik trener mykje (kan nevnast at han var først i mål på 7-fjellsturen både i år og ifjor). Geir Haukås byrja hausten 1992, og har dermed vore med i korpset i 23 år. Han beskriv det som ein stor dag då Viggo Bjørge ringte og tilbaud han plass i EBML. No er det familieforpliktelsar og litt at det er vanskelig å få øvd nok heime som gjer at Geir skal prøve livet utanfor EBML. Han skal likevel vere ein del av lagsbil-teamet, og kjem nok til å vere til stades, då han trur det vil verte rart å ha "fri" på øvingskveldane. Alle fem nevner det høge musikalske nivået og å få spele under store, internasjonalt kjende dirigentar som ein ting å sjå tilbake på. I tillegg trekkjer ein fram eit godt samhold og sosialt miljø som ein viktig faktor. Av spesielle hendingar seier fleire at framføringane av Spiriti og Trance på NM og EM var ubeskriveleg gøy, kanskje spesielt å bli belønna med siger. Sjølv om det krever mykje er det veldig inspirerande å få spele saman med så gode folk. Ein får veldig gode vener av slikt. Reid vert og nevnt av fleire, både show-låtane han arrangerer og jobben han gjer som kunstnerisk leiar. Patrik seier han har lært utroleg mykje av Reid, som han sjølv og har tatt med seg vidare når han jobbar med musikk, og han reflekterer over korleis ein skal halde oppe musikalsk nivå på eiga hand når ein ikkje speler fast i korpset, at ein ikkje har laget til å motivere seg. Fredrik vil rette ein ekstra takk til gutta boys på tuba. Kjensla når alt klaffar, og sounden står i veggen er ubeskriveleg. Det vert vanskeleg, om ikkje umogleg å gjenskape. Samt mykje humor, latter og fjas! Det kjem eg til å sakne! Som Geir formulerer det: Det har vore ein ære å få spele alle desse åra med dei beste! EBML takkar for innsatsen, og reknar med at me ser dykk att snart, anten som publikum, støttelag, vikarar eller faste medlemmer i framtida. |