Vi har sju nye medlemmer i korpset til hausten, her er ein presentasjon av dei. Oppe frå venstre:
Ben Hirons er frå Greenfield like ved Manchester. Han flyttar til Noreg no, etter at han akkurat har fullført ein mastergrad i trompet på Royal Conservatoire of Scotland. Ben har spelt ein god del med dei store skotske symfoniorkestra, og har ei lang liste med brassband han og har spelt med, blant anna Scottish Coop, Wallberg og Brighouse & Rastrick. Han likar også fotball, og beskriv seg som ein vanleg fyr som likar å ha det moro. Stefan Cooper er amerikansk, men har bodd i Skandinavia i over 20 år. Han har bl.a. spelt trompet med Stavanger Symfoniorkester og i Malmø-operaen, i tillegg til mykje solist- og kammermusikkspeling. Tidlegare har han vore esskornettist i Concord Brassband i Danmark, samt i Stavanger Brassband. Han var og med dei svenske banda Göteborg, Öresund og Malmö, og har også dirigert mykje. Til hausten skal han vere dirigent for mellom anna Kaland Skulemusikklag. Lars Otto Torsvik er frå Hetlevik på Askøy. Han har spelt euphonium i Askøy Skolebrass, Hetlevik Skolekorps, Askøy Brassband og Kleppe Musikklag, samt at han har vore ein god del vikar med EBML dei siste par åra. Lars Otto studerer for å verte byggingeniør, og har vore å sjå i EBML-genser i årevis. David Hoen Tjore kjem frå Tjore på Radøy, og er 19 år. Han har nettopp spelt sitt siste år i Sæbø Skulemusikklag, og har tidlegare vore medlem av Oster Brass og Manger Musikklag. Han er lærling som industrimekanikar hjå Statoil på Mongstad, i samband med at han går på Knarvik VGS på Tekniske Allmenne fag - Teknisk Industriell Produksjon. Utanom dette speler han stort sett kornett heile tida, påstår han. Tyra-Andrea H. Sture kjem frå Erdal på Askøy. Ho er 16 år, og byrjar no andre år på musikklina ved Bergen Private Gymnas. Til no har ho spelt kornett i m.a. Askøy Skolebrass, Hetlevik Musikklag, Follesø Musikklag og Kleppe Musikklag. Ho bruker mesteparten av fritida på speling, lekser og venner, men beskriv seg og som ein rimeleg bra hobbykokk, dette ser vi sjølvsagt fram til å få oppleve. Fredrik Ertvaag kjem frå Minde, er 17 år, og speler slagverk i Minde Skoles Musikkorps. Han har og spelt i Laksevåg Musikkforening, og går no på musikklina på Bergen Private Gymnas. Han liker i tillegg å komponere, og spelte sitt første NM brass då han var 13. Dei vant. Dette lovar bra for framtida. Alexander Torsvik kjem frå Øygarden kommune og byrja si korpskarriere i Toftøy Skulemusikk då han var omlag 6 år. Der har han spelt tuba heilt til han gjekk av med pensjon no nyleg. I tillegg til dette har han spelt litt i Sæbø Skulemusikklag og Ulriken Janitsjar, samt i Rong Brass dei siste 6 åra. Han er nett ferdig på Sotra VGS, og skal enten byrje på folkehøgskule eller studere til hausten. Når han ikkje øver på tubaen har han ein gammal trebåt han putrar rundt i. Vi gler oss til å sjå han putre snarvegen frå Øygarden til Knarvik om nokre veker. Velkomne skal de vere, alle sju. |