EB-Junior hausten 2016 EikangerBjørsvik Musikklag inviterer til EB-Junior for dei eldste skulekorpsmusikantane i Nordhordland og Bergenregionen. Dette tilbodet er for å gje dei eldste i skulekorpsa nye musikalske utfordringar når dei får spele på eit høgare nivå enn dei pleier i skulekorpset. Dei får også treffe likesinna ungdom og sjansen til å spele saman med førebileta i EikangerBjørsvik. Dette vonar me fører til at desse ungdomane vert motiverte til å fortsette i korpsa sine, og at dei vert inspirert til å lære vidare sine ferdigheter til dei yngste i korpsa sine. Aldersgruppa for EBJunior er ungdom som går på ungdoms eller vidaregåande skule. Det er to samlingshelger i året ein om våren og ein om hausten. Me oppmoder at ein prøver å få med seg begge samlingar, men det er ikkje påkrevd. Alt skjer i Musikkhuset i Knarvik, EikangerBjørsvik sitt faste øvingslokale. For yngre musikantar, har me andre tilbod som høver seg. EBSuper arrangeres parallelt på hausten og tilsvarande EBMini på våren. Me ber om at ein respekterer aldersgrensene og heller melder på yngre musikantar i våre andre tilbod. EBjunior er for brassbandbesetning med brass og slagverk. Samlinga i haust vert 17.18. september med dirigent Fredrick Schjeldrup. Pris for samlinga er 200, og dekker mat, notar, dirigent m.m. Dette betales ved kort, kontant eller Vipps ved frammøte laurdag. NB: Nytt i år er at me skal ha både gruppeøving for instrumentgruppene der det øves basics og ensemblemusikk, men også eit eige tenpieceensemble for dei som ynskjer ekstra utfordring. Besetninga i eit tenpiece er i utgangspunktet fire kornetter (mogleg med Ebkornett og flugelhorn), eit horn, ein bariton/juff, ein tenortrombone, ein basstrombone, ein Ebbass og slagverk. Her er det av praktiske grunnar ikkje plass til mange musikantar, så det kan vere me må ta nokre justeringar utfrå påmeldte. Me kjem til å sende ut noter til tenpiece på førehand, og forventer det vert førebudd. Som ein ser på timeplanen, vert det øvd på samtidig som dei andre har instrumentgrupper. Resultatet vert framført på hentekonserten. Dette er eit prøveprosjekt me vonar kan verte eit spanande tilskot i tilbodet vårt! Timeplan Laurdag 17.september Musikkhuset i Knarvik 10.30: frammøte, registrering og betaling 11.00-13.00: korps 13.00 - 13.45: lunch 13.45-16.00: korps Sundag 18.september Musikkhuset i Knarvik 11.00-13.00: Gruppeøving / 10-piece 13.00-13.45: lunch 13.45-15.15: korps 15.30-16.00: hentekonsert for foreldre og frammøtte Påmelding Påmeldingsfrist er fredag 9.september. Bruk gjerne felles påmeldingsskjema for heile korpset og send til toril.ones@hotmail.com . Enkeltmusikantar kan meldes på ved å sende navn, alder, instrument og korps til same mailadresse. Me ber om at ein held fristen så godt som råd for planleggingas del. Merk også at tilbodet går ut samtidig til skulekorps i Nordhordland og i Bergensregionen med felles påmeldingsfrist. For å være sikker på plass gjeld det å vere ute i god tid. Annan info Gje beskjed om evt allergier i påmeldinga. Spesifiser om du speler Eb/Bbkornett, trombone/basstrombone, leser G/Fnøkkel på trombone eller Eb/Bbtuba. Me tek bilete frå samlinga som me ynskjer å dele på ulike medier gi beskjed i forkant eller når ein kjem om ein ikkje ynskjer dette. Slagverkarar tek med stikker og køller av ulike slag og skarptromme med stativ. Ved praktiske spørsmål, send dette til lena.westgardsch@gmail.com EB-Super hausten 2016
EikangerBjørsvik Musikklag inviterer til EB-Super for dei “mellomste” skulekorpsmusikantane i Nordhordland og Bergenregionen. Dette tilbodet er for å gje musikantane som fortsatt går på barneskulen verdifull samspelserfaring og ein god start på korpssesongen. Dei får nye vener blant sine medmusikantar og sjansen til å spele saman med førebileta i EikangerBjørsvik. Dette vonar me fører til at dei tek med seg ekstra motivasjon og vert motiverte til å fortsette i korpsa sine. Målgruppa for EBSuper er barneskuleelever som ikkje er aspirantar, dvs. dei som har spelt i meir enn eitt år, men er for unge til EBJunior. Dette skjer i aulaen på Knarvik ungdomsskule. EBSuper er for brass, treblås og slagverk. Samlinga i haust vert 17. september med dirigent Christopher Røedvang. Laurdag 17.september Knarvik ungdomsskule 10.30: frammøte, registrering og betaling 11.00-13.00: korps 13.00-13.45: lunch 13.45-15.00: korps 15.00: hentekonsert For å få dette til, er vi i EikangerBjørsvik heilt avhengige av at dei korpsa som sender musikantar på denne samlinga også stiller med foreldre. Ikkje spelande foreldre er velkomne til å vere der og bidra med diverse praktiske gjeremål, og vi treng også hjelp av spelande foreldre. 23 stk spelande foreldre frå kvart korps, litt avhengig av kor mange musikantar som melder seg på. Då EikangerBjørsvik ikkje har janitsjarbesetning, oppmodar me korps som sender treblåsarar til særleg å sende med spelande foreldre. Pris for samlinga er 100, og dekker mat, notar, dirigent m.m. Dette betales ved kort, kontant eller Vipps ved frammøte laurdag. Påmelding Påmeldingsfrist er fredag 9.september. Bruk gjerne felles påmeldingsskjema for heile korpset og send til toril.ones@hotmail.com . Enkeltmusikantar kan meldes på ved å sende navn, alder, instrument og korps til same mailadresse. Me ber om at ein held fristen så godt som råd for planleggingas del. Meld også inn spelande foreldre med navn og instrument. Det kan verte fullt hus, så det løner seg å vere ute i god tid! Annan info Gje beskjed om evt allergier i påmeldinga. Spesifiser om du speler Eb/Bbkornett, trombone/basstrombone, leser G/Fnøkkel på trombone eller Eb/Bbtuba. Me tek bilete frå samlinga som me ynskjer å dele på ulike medier gi beskjed i forkant eller når ein kjem om ein ikkje ynskjer dette. Slagverkarar tek med stikker og køller av ulike slag og skarptromme med stativ. Ta med notestativ. Ved praktiske spørsmål, send dette til lena.westgardsch@gmail.com |