I helgas underhaldningskonkurranse "Brass in Concert" gjekk EBML til topps og vart då første ikkje-britiske korps som gjekk til topps i konkurransen. Med sitt program "Tales of the North Sea, havna ein foran Fountain City frå USA og britiske Fodens Band. I tillegg vann Tore Bryne Berg prisen for beste trombone - velfortent for ein av brassrøyrslas mest stabile musikantar gjennom årevis. Med dette viser 2017 seg som eit år for historiebøkene med siger i NM, EM, SIDDIS og BiC og tek rett og slett ein skikkeleg Grand Slam! Les meir om konkurransen her hjå 4barsrest.
Me takkar alle for fine ord og helsingar og gler oss til å ta fatt på dei neste to konsertane i 2017. 10.desember vert me vitja av Philippe Bach med eit heftig program av McCabe, Aagaard-Nilsen, Berge og Ulvo. Me rundar av sesongen 15.september med julekonsert i Knarvik kyrkje saman med Seim songkor. Vonar å sjå mange der! Eikanger-Bjørsvik tek for andre gongen turen over stormfulle Nordsjøen for å delta i Brass in Concert. Til helga 18.-19. november samlas toppkorps frå brassøya og tilreisande frå utlandet for den prestisjetunge underhaldningskonkurransen som vert holdt i vakre The Sage i Newcastle.
Etter å ha sigra i SIDDIS for to helger sidan, reiser EBML over med sitt vinnarprogram "Tales of the North Sea", høveleg inspirert av havets enorme krefter. Sidan me deltok for nøyaktig ti år sidan, har det skjedd store forandringar i Brass in Concert-konkurransen i form og kvalitet. Me gler oss til å vende tilbake og møter eit meget skarpt felt. I tillegg til å delta i sjølve konkurransen, speler me også ein konsert laurdag kveld. Der har me med ein god blanding av klassiske perler og framifrå showmusikk. Me gler oss storveis til ein strålande tur og vonar dette igjen vert ein høgdare i året 2017! PS: sjekk gjerne ut opptak frå SIDDIS-helga på TV2-Sumo! |