Eikanger-Bjørsvik tek for andre gongen turen over stormfulle Nordsjøen for å delta i Brass in Concert. Til helga 18.-19. november samlas toppkorps frå brassøya og tilreisande frå utlandet for den prestisjetunge underhaldningskonkurransen som vert holdt i vakre The Sage i Newcastle.
Etter å ha sigra i SIDDIS for to helger sidan, reiser EBML over med sitt vinnarprogram "Tales of the North Sea", høveleg inspirert av havets enorme krefter. Sidan me deltok for nøyaktig ti år sidan, har det skjedd store forandringar i Brass in Concert-konkurransen i form og kvalitet. Me gler oss til å vende tilbake og møter eit meget skarpt felt. I tillegg til å delta i sjølve konkurransen, speler me også ein konsert laurdag kveld. Der har me med ein god blanding av klassiske perler og framifrå showmusikk. Me gler oss storveis til ein strålande tur og vonar dette igjen vert ein høgdare i året 2017! PS: sjekk gjerne ut opptak frå SIDDIS-helga på TV2-Sumo! |