Om Eikanger-Bjørsvik Musikklag
Eikanger-Bjørsvik Musikklag frå Nordhordland har i ei årrekkje vore eit av dei leiande brassbanda i Europa. Stor spennvidde i repertoaret framført med høg musikalsk kvalitet har gjort ensemblet kjend langt utover landegrensene.
Dei siste åra har Eikanger-Bjørsvik tatt nye steg framover. Ensemblet har fått ein plass i festivalar som aldri før har prioritert korps: I 2002 framførte dei «Lux Aeterna» med dansekompaniet Carte Blanche under Festspillene i Bergen. Balletten av Jo Strømgren var opningsforestilling i festivalen og fekk særs gode kritikkar. Framsyninga var òg sett opp i Sandnes i Rogaland og under Olavsdagene i Trondheim same år. Eikanger-Bjørsvik har i seinare år vore på programmet i Vossajazz, Autunnalen – festival for ny musikk, Dei Nynorske Festspela, Mediefestivalen i Bergen, Saddleworth Festival of Music and Arts og Borealis Festival.
I 2003 ga Eikanger-Bjørsvik ut CD-en «Art of the States», i 2005 «Tales & Stories». Det var den 11. og 12. plateinnspelinga i korpset si historie og var milepælar: For første gong var all musikken arrangert og tilrettelagd av medlemer i korpset sjølv, arrangert av EBML-musikarane Frode Rydland, Svein H. Giske og EBML-dirigent Reid Gilje. I 2006 ga EBML ut «20 Supreme Years» med Howard Snell og «Chatham Dances» med Elgar Howarth. I 2010 gav EBML ut CD-en «Romeo and Juliet» på plateselskapet Naxos. Musikken var frå Prokofievs ballett og vart meisterleg arrangert av korpset sine eigne arrangørar, Rydland, Giske og Gilje. Bjarte Engeset løfta musikken til eit nivå som gjorde at CD-en hausta gode omtalar i presse og bloggar verda rundt. Julen 2012 slapp EBML ut «Ei julereise med Eikanger-Bjørsvik» i samarbeid med verdsomspennande Pricewaters and Coopers. Med på denne musikalske reisa, hadde ein med gjesteartistar frå Bergensområdet som Christine Guldbrandsen, Erik Røe og Gabriel Fliflet. Repertoaret var av både ny og eldre julemusikk, hovudsakleg arrangert og tilrettelagt av Reid Gilje og Frode Rydland. I 2014 vart EBML det første korpset på det anerkjente, svenske plateselskapet BIS med ein ny CD med musikk av John Pickard. Saman med dirigent Andreas Hanson var ein også det første brassbandet på det nye høgkvalitetsformatet SACD.
Sesongen 2011/2012 følgte NRK tett korpset og enkeltmedlemmer i EBML med og utan instrument. Det resulterte i dokumentarserien «Korpsfiksert» som vart sendt våren 2013.
Forutan Norge har korpset turnert i England, Skottland, Wales, Danmark, Sveits, Austerrike, Nederland, Sverige og Belgia. Nye turnear er under planlegging.
Eikanger-Bjørsvik er det meistvinnande brassbandet i Norge. 17 NM-titlar, 3 EM-titlar, 16 sigrar i underhaldningskonkurransen Siddis Brass, 2 triumfar i TV-konkurransen Resonans og 8 sigrar i Grenland International Brass Festival har ensemblet bokført. Våren 2017 slo EBML tilbake og vann europameisterskapet for brassband i Oostende. Etter nesten 30 års ventetid, klarte EBML saman med dirigent Ingar Bergby å hente gullet heim og dermed vinne kvar konkurranse ein deltok i gjennom sesongen 16/17.
Eikanger-Bjørsvik engasjerer seg sterkt i korpsrørsla i Nordhordland og omegn. Mange skulekorps i området har dirigentar og instruktører som er knytt til EBML. Kvar sommar inviterer Eikanger-Bjørsvik skulekorpsungdom til Feriespel, tre dagar med undervisning, leik og moro. I tillegg til dette, samlar EBML gjennom året musikantar i alle aldre til ulike tilbod som EB-junior og instrumentaldagar. Ein har også starta opp stiftinga "Akademiet Eikanger-Bjørsvik" som tilbyr korps å bestille undervisning av ulikt slag. Med desse tiltaka vonar me at musikantane får auka motivasjon som dei kan ta med vidare til skulekorpsa sine.