
Haustens konsertserie startar med eit smell.
Det er ikkje småtteri maestro Hanson har plukka ut:
Første avdeling er via Tsjaikovskij, og hovudverket er intet mindre enn Johan de Meij sin Extreme Make-Over. Verket vart skriven i 2004, og bygger på ei rad musikalske «metamorfosar» over temaet frå Tsjajkovskij sitt Andante cantabile frå Strykekvartett nr. 1.
I andre avdeling er det Mozart som står på programmet. Hovudverket her er Philip Wilby sin Vienna Nights - A fantasy on Mozart`s Piano Sonata in A.
Verket vart utgitt i 2006, året då verda markerte 250-årsjubileet for Mozart si fødsel.
Me gler oss til å stifte bekjentskap med Alexander Hanson, og håpar me ser deg på konserten.
Program
Marche Slave, Tsjaikovskij, arr. L. Davies
Sleeping Beauty Waltz, Tsjaikovskij, arr. R. Newsome
Extreme Make Over, Johan de Meij
Pause
Overture to the Magic Flute, Mozart, arr. W. Rimmer
Ave Verum Chorpus, Mozart, arr. T. Walmsley
Vienna Nights - A fantasy on Mozart`s Piano Sonata in A, Philip Wilby
Om dirigenten:
Alexander Hanson er ein ofte nytta gjestedirigent hjå fleire av dei fremste orkestera i Norden. Han debuterte i London med The Royal Philharmonic Orchestra i 2012, og innleidde eit samarbeid med Brussels Philharmonic Orchestra i 2014.
Der har han arbeidd med musikarar som Bill Frisell, Brad Mehldau, Uri Caine, Tigran Hamasyan og Avishai Cohen.
Dei siste åra har han òg dirigert orkester som Rotterdam Philharmonic Orchestra, Liège Royal Philharmonic Orchestra, Prague Radio Symphony Orchestra, Tonkünstler-Orchester, Essener Philharmoniker og Aalborg Symfoniorkester.
Her heime er han ein flittig gjest i dei norske militærkorpsa, og denne veka dirigerer han våre vener i Sjøforsvarets musikkorps på BrassWind.