Feriespel 2025
FERIESPELET 2025
...blir arrangert 25-27. juli. Dei eldste startar allereie torsdag 24.juli.
For 27. gong arrangerer Eikanger-Bjørsvik Musikklag, saman med gode krefter rundt korpset, feriespel på dugnad for musikantar i skulekorps!
Feriespelet passar for alle som spelar i korps; om du nettopp har fått instrument, om du har spelt i nokre år, om du har vore med før eller ikkje – og om du er eldre enn skulekorpsalder kan du sjølvsagt også få snike deg med! Dette er eit dugnadsprosjekt, og me vil gjerne få hjelp, både på kjøkkenet og til å spele med og peike i notane. Du er hjarteleg velkommen. Kan du hjelpa til, send gjerne epost.
Feriespelet var i utgangspunktet for musikantar i Nordhordland, men har dei seinare åra vore opent for kven som helst. Ved stor påmelding kan me setja strek for påmelding før fristen, så me anbefaler å melda seg på tidleg.
Me deler i 3 korps:
- Det eldste korpset er for dei som skal begynne i 9 klasse til hausten, eller er eldre.
- Det mellomste korpset er for dei som har spelt 2 år eller meir, og t.o.m. dei som skal begynne i 8. klasse.
- Det yngste korpset er for dei som er litt ferskare, altså dei som har spelt 1-2 år.
I løpet av helga vert det full aktivitet med gruppeøvingar, korpsøvingar, lunsj og middag, rebusløp og mykje anna. Det heile vert avrunda med ein flott avslutningskonsert søndag kl 16 i kyrkja i Knarvik.
Praktisk informasjon:
- Det er ikkje overnatting på Feriespelet
- Deltakarane vil få lunsj og middag fredag, lunsj, frukt og middag laurdag, og lunsj sundag.
- Ta med instrument (slagverkarar tar med det dei har av trommestikker og køller), notestativ, mutar (dersom du har).
- Prisen for all mat og undervisning er kr 500,-. Betaling ved oppmøte (kontant, vipps, bankkort)
- Det er lov å delta i eit korps med lågare aldersgruppe enn det ein sjølv er i, men ikkje omvendt.
Timeplan:
- Torsdag: Dei eldste møter kl 18:00 i Musikkhuset i Knarvik, ferdig kl 21:00.
- Fredag: Dei eldste startar kl 10:00.
- Fredag: Dei mellomste og dei yngste møter kl 16. Ferdig kl 22:00.
- Lørdag: oppstart kl 10:00, ferdig kl 22:00.
- Søndag: oppstart kl 11:00, avslutningskonsert kl 16:00.
Etter oppmøte og registrering kl 16 fredag vert foreldre, dirigentar og leiarar i skulekorpsa inviterte til ein kaffiprat i kyrkjekjellaren. Her vil EBML møte korpsa til samtale, og orientere om planar for Korps-ID i komande sesong.
EBML er ikkje ansvarleg for skadar som måtte oppstå, korkje på folk eller utstyr under feriespelet.
Dersom du har spørsmål, ta kontakt på feriespel@ebml.no