top of page
Hubb Logo

Hordaland Ungdomsbrassband (HUBB) har som formål at korpset skal samle ekstra ivrige musikantar frå Hordaland til samspel på eit høgare nivå enn dei har i skulekorpsa sine, å leggja vekt på å utvikla utøvande ferdigheter og skapa eit godt miljø til beste for sine medlemmer. Korpset har fire samlingar årleg, og musikantar mellom 13 og 19 år kan søkja opptak og får plass gjennom prøvespel. Korpset er stifta i 2005, og til no har over 400 musikantar passert gjennom rekkene.

 

HUBB UNG
5. og 6. desember er det HUBB UNG. Dette foregår på Ulsmåg skole i Fana, og er eit opent tilbod for alle mellom 12 og 19 år.

HUBB UNG er ein prøvesmak på HUBB, der ein melder seg på ei enkelt samling, og berre møter opp. Det er ikkje prøvespel, og det er ikkje nokon krav til gjentatt oppmøte etter prosjektslutt.

Du får notar på samlinga, og det vert både gruppeundervisning og samspel i korps. Dirigent for samlinga er Henning Anundsen, som spelar kornett i Eikanger-Bjørsvik. Han er fast dirigent i Skodvin Skulemusikk, og jobbar på Manger Folkehøgskule.


På samlinga i desember er det ikkje overnatting. Rammetidene er laurdag kl 10.00 - 16.00, og sundag 10.00 - 15.00. Sundagen vert avslutta med ein hentekonsert kl 14.00.

 

Vidare informasjon vil bli sendt til dei påmeldte ca ei veke før samlinga.

 

Påmeldingsfrist 22. november. Du melder deg på via denne linken:

​

 

 

Neste HUBB UNG-samling er 12-14. februar, då vert det overnatting i tillegg.


Lurer du på noko? Kontakt styret.hubb@gmail.com

​

Datoar for vanlege HUBB-samlingar resten av sesongen:

12-14. februar

16-18. april

23-25. april

EM i Montreux 29.april-3. mai

© 2026 Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Photos © John Vint & Eikanger-Bjørsvik Musikklag

bottom of page