top of page

Våre samfunnsprosjekt

Eikanger-Bjørsvik Musikklag er sterke kulturberarar midt mellom det profesjonelle og det frivillige kulturlivet. Korpset er i dag eit av verdas beste brass band og held eit svært høgt musikalsk nivå. Med sine 120 samlingsdagar i året som amatørar, er det mange timer som vert nytta av musikantane for å halde dette nivået.

Samtidig er korpset opptatt av at utan bredde så har me ikkje elite. Målet til EBML er, gjennom å vere bevisste førebilete, å bidra til at flest mogleg får oppleva mestringa av å spele eit instrument, å oppnå potensialet sitt og kunne har korps som ein livslang hobby. Deltaking i organiserte fritidsaktivitetar gjev også lokal tilhøyrsel og skapar ein trygg arena.  Å ta ei viktig rolle i rekruttering, ettervekst og utvikling, er derfor ei prioritert oppgåve for korpset.

 

Dette kjem i tillegg til korpsets musikalske aktivitetar og viser at samfunnsengasjementet vert tatt på alvor.

Her er nokre av prosjekta me har fokus på for å vidareføre korpsmiljøet inn i framtida:

 

korpsID_new.png

KorpsID - nytt prosjekt fra 2024.

Med prosjektet KorpsID ynskjer Eikanger-Bjørsvik å gje eit tilbod til unge musikantar i aldersgruppa 13-16 år.  Vårt mål med prosjektet er å skape stolthet og tilhørighet til korps og identiteten som korpsmusikant. Gjennom prosjektet KorpsID vil Eikanger -Bjørsvik  forsterka sitt eksisterande samfunnsansvar med von om å bidra til å hindra fråfall av musikantar i ungdomsskulealder. I tillegg ynskjer vi å bidra til at ungdommane bidreg til utvikling av sunne relasjonar og fellesskap. Prosjektet startar i 2024 og me har fått støtte frå Sparebanken Vest til gjennomføringa.

Bilde Feriespel
Tommel opp - Feriespel

Feriespel

Korpset sitt eige sommarkurs som starta opp i 1998. Korpset og miljøet rundt har brukt over 20000 timar på dette prosjektet sidan oppstart. Prisen for å delta har lagt fast sidan oppstart slik at flest mogleg kan ha økonomi til å vere med. Kvart år er det ca 100 deltakarar i aldersgruppa 8 til 19 år på Feriespelet.

 

Feriespelet går over ei langhelg der dei eldste møter opp torsdag ettermiddag, og resten fredag ettermiddag og vert avslutta med ein stor konsert søndag. Dei sista åra har den vore i Knarvik kyrkje.

Logo Hordaland Ungdomsbrassband
Samling HUBB

Dette er eit samlingsbasert korps for talentar i alderen 15-19 år i heile gamle Hordaland. Dette korpset vart starta i 2005 av Ole Johan Aarlie og Kjersti Pisani og EBML overtok drifta av HUBB i 2021 når dei ville legge ned tilbodet. EBML støtter korpset med eit sekssiffra beløp kvart år for å gje talent frå heile gamle Hordaland moglegheit til å møte andre på sin alder og få spele konsertar på eit høgt nivå.

Bergen Kornettensemble Logo

Kornettar er ca ein tredjedel av besetninga i eit brass band og i samarbeid med BKE har me fokus på at kornett-talent skal få møtast for ekstra utfordringar på instrumentet. EBML er stolt over å få støtte BKE slik at mange kornettistar utviklar seg vidare og kan fortsetje i korps utover i livet. BKE har tre til fire samlinger kvart år med ca 60 deltakarar på kvar samling.

Sit-in Øving

Sit-in-øvingar

Kvart år før NM for skulekorps får åtte lokale skulekorps spele stykka sine saman med EBML på øving. Kvart av skulekorpsa får komme på EBML-øving og øve på NM-nummeret sitt saman med EBML. Der får dei oppleve korleis akkurat si stemme skal vere og god veileiing frå EBML sine medlemmer saman med dirigent Reid Gilje.

Skulekorpskonsertserie

Dette er ein serie med konsertar saman med dei lokale skulekorpsa. EBML er bevisst på at me er førebileter og vil besøke alle våre lokale skulekorps og spele konsert saman med dei. Dette inngår i ei rullering av konsertar lokalt i Nordhordland.

 

Instrumentalsamling - trombone

Instrumentaldagar

Dei forskjellige gruppene i korpset arrangerer instrumentaldagar der dei med forskjellige mellomrom inviterer lokale musikkantar til å spele ensembler saman med musikantante frå EBML. Her er alle velkomne uansett nivå og alder og for nokon vert gnisten tent på ein slik dag, mens for andre er det inspirasjon til å forsetje si gode utvikling på instrumentet.

Inspirasjonsseminar

På inspirasjonsseminara våre reiser me ut i fylket der eit skulekorps, eller fleire saman, får besøk av oss. Der har me sit-in-øvingar, ensemblespel, speletimar, felleskorps og konsert saman med dei korpsa me besøker. Her får dei ei intens helg der dei får oppleve alt det som me gjer med våre lokale skulekorps til dagleg. I dag har me allereie eit samarbeid med Kjølsdalen Musikklag der musikantar frå EBML kjem dit og gjennomfører seminarer.

Her har me også som mål om å kunne bidra enno meir i nord i Vestland for å støtte korpsutviklinga i andre områder også.

Logo Manger Folkehøgskule

Samarbeidet med MFHS er ein del av arbeidet med å styrkja brassrørsla på sikt. Særleg grunntanken om at skulekorpsungdom skal halda fram med speling gjennom ungdomskulen og vidaregåande skule. Mange av musikantane i EBML har vore elevar ved MFHS og har på den måten tatt med seg hobbyen inn i vidare studier og yrkesliv. MFHS-elevar får gratis inngang på Eikanger-Bjørsvik sine konsertar og partane kan samarbeide om dirigentar, instrumentalistar og andre føredragshaldarar. 

Til saman gjer desse prosjekta at EBML inspirerer hundrevis av korpsmusikantar kvart år 

ved at dei får spele med, lære av, lytte til og oppleve eit av verdas beste brassband.

 

Dette satsar me på for at ikkje berre EBML, men også heile korpsrørysla, skal vere berekraftig i framtida. 

Slik tar EBML samfunnsansvar

EBML har som visjon «Me skal vere leiande».

Dette gjeld i alt arbeid korpset gjer.

Med dette som utgangspunkt vil EBML ha nokon hovudfokusområder som alle heng saman med utvikling av neste generasjons korpsmusikantar og det å styrke korpsrøyrsla. 

Korpset tek utgangspunkt i desse fire berekraftsmåla:

Bærekraftsmål 3
Bærekraftsmål 10
Bærekraftsmål 13
Bærekraftsmål 17
Bærekraftsmål 3

Berekraftsmål 3 «God helse og livskvalitet»

 

  • EBML skal arbeide for å fremme god mental helse og livskvalitet, gjennom å bidra til oppleving av meistring av instrumentet for korpsmusikanter, til beste for den enkelte musikant, korpset, samfunnet rundt og korpsnorge.

 

  • EBML skal gje musikantar moglegheitar til å oppleve mestring på sitt nivå.

  • EBML skal tilby undervisning/veileiing til ein låg pris for at flest mogleg skal få oppleve mestring uavhengig bakgrunn

  • EBML skal gje gratis inngang på sine konsertar til skulekorpsmusikantar

Bærekraftsmål 10

Berekraftsmål 10 «Mindre ulikhet»

 

  • EBML skal i samarbeid med sponsorar, skulekorps, samfunnet ha fokus på mindre ulikhet gjennom sitt arbeid med korps og musikanter. Medlemmene i skulekorps er barn og ungdom i aldersgruppa 11-19 år. Dette er ein viktig læringsarena for sosialisering, raushet og inkludering på tvers av aldersgrupper, kjønn, etnisitet, hudfarge, legning, funksjonsevner eller kulturell og sosial bakgrunn.

 

  • EBML skal gå foran som gode førebilete

Bærekraftsmål 13

Berekraftsmål 13 «Stoppe klimaendringene»

 

  • EBML skal i samarbeid med sponsorar, andre korps og samfunnet ha fokus på berekraftig utvikling som stopper klimaendringane.

 

  • EBML skal, der det er mogleg, benytte seg av elektrisk turbuss på reiser

  • EBML skal ikkje ta fly til meir enn fire konserter/prosjekter kvart år

  • EBML skal bruke digitale billettar og program

Bærekraftsmål 17

Berekraftsmål 17 «Samarbeid for å nå målene»

 

  • Ved å samarbeide med våre sponsorar, samfunnet og korpsmiljøet skal EBML arbeide for å fremme god mental helse og livskvalitet, arbeide for eit rausare samfunn med færre ulikheitar og for tiltak som skal stoppe klimaendringane i våre miljø.

bottom of page