top of page

Historia år for år

1939: Nils Nygård på Mo var primus motor for instrumentkjøp frå Farres Musikkhandel, der Anton Nygård var styrar. Grunna mangel på instruktørar vart det ikkje noko av korpset i Modalen.
1949: Eikanger Musikklag stifta 28. februar. Laget kjøpte 13-14 instrument frå bygdefolket på Mo. Pris: 1200 kroner. Instrumenta vart frakta til Eikanger med kyrkjebåten.
1951: Bjørsvik musikklag stifta 17. februar i ungdomshuset i Bjørsvik. Om hausten vart Arlix Larsen, bror til Shetlands-Larsen, dirigent for korpset.
1954: Eikanger musikklag nedlagt på grunn av manglande arbeidsplassar i bygda.
1957: Eikanger musikklag starta opp att. Nils Eide vart første dirigent. Bjørsvik musikklag vart lagt ned same år.
1959: Johs. Kalvik vart dirigent for Eikanger musikklag.

1966: Om hausten vart Bjørsvik musikklag starta opp att.
1969: Kontaktmøte i oktober mellom Eikanger og Bjørsvik musikklag. Tema: Samanslåing.

1971: Eikanger og Bjørsvik formelt slått saman.
1973: Tom Brevik vart dirigent for EBML.
1977: EBML på sin første englandsturné. 12 dagar med konsert i Stroud som høgdepunkt.
1978:
1979: EBML tok del i det første NM i Grieghallen.

1981: Første NM-siger. Pliktnummer: Spectrum. Dirigent Helge Haukås.
1985: NM-siger. Pliktnr: Dances and Arias. Dirigent Ray Farr.
1986: Howard Snell kjem til Knarvik for første gong.
1987: NM-siger. Pliktnr: Pageantry. Dirigent Howard Snell.
1988: NM-siger. Pliktnr: Connotations. Dirigent Howard Snell.
EBML europameistrar for brassband i Luzern 30. april. Pliktnr: Connotations, sjølvvald: Variations on an Enigma (Sparke).

Dirigent Howard Snell.
1989: EBML europameistrar for brassband i Bergen. Pliktnr: Trittico (Curnow), sjølvvald: Var. on an Enigma (Sparke).

Dirigent Howard Snell.

1991: NM-siger. Pliktnr: Ballet for Band (Horovitz). Dirigent Howard Snell.
1993: NM-siger. Pliktnr: Firestorm (Bulla), sjølvvald: Year of the Dragon (Sparke). Dirigent Howard Snell.
1994: EBML er offisielt OL-korps og speler fleire konsertar under OL på Lillehammer.
1997: Feriespelet vert arrangert for fyrste gong.
1999: EBML signerer sponsorkontrakt med Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT).
NM-siger. Pliktnr: Devil and the Deep Blue Sea (Bourgeois), sjølvvald: Year of the Dragon(Sparke).

Første NM med Nick Childs som dirigent.

2000: Eikanger-Bjørsvik arrangerte kulturfestivalen Aperitif 19.-21. mai.
2001: NM-siger. Pliktnr: Seid (Aagaard-Nilsen), sjølvvald: Concerto Grosso (Bourgeois). Dirigent Nick Childs.
2002: EBML spelte i opningsforestillinga «Lux Aeterna» under Festspillene i Bergen saman med Carte Blanche.
2004: EBML mottar som første brassband ensemblestøtte frå Norsk Kulturråd.
2005: NM-siger. Pliktnr: Riffs and Interludes (Aagaard-Nilsen), sjølvvald: Concerto Grosso (Bourgeois). Dirigent Nick Childs.
2007: EBML spelte konserten «Love Stories» under RNCM Festival i Manchester. Dirigent: Bjarte Engeset. Deltok i den engelske underhaldningskonkurransen Brass in Concert.
2008: NM-siger. Pliktnr: Odin (Butterworth), sjølvvald: Riffs and Interludes (Aagaard-Nilsen). Bramwell Tovey vitjar korpset for fyrste gong.
2009: NM-siger. Pliktnr: Rococo Variations (Edward Gregson), sjølvvald: Extreme Makeover (Johan De Meij). Gir ut "Romeo og Julie" av Prokofiev på plateselskapet Naxos. Haustar stor internasjonal merksemd og lovord. 
​
2010: Sølv i EM i Linz med dirigent David King. Opptrer saman med dei andre Born-to-Play-ambassadøraneTine Thing Helseth og Jan Magne Førde på ein felles konsert i Maisalen i Lillehammer.
2011: NM-siger. Plikt: The Power of the Soul (Maurice Hamers), sjølvvald: Spiriti (Thomas Doss). EBML arrangerer skulekorpskonkurransen Hordablæsten for fyrste gong. Vinn Grenland International Brass Festival med dirigent Reid Gilje. Har Noregspremiere på John Pickards monumentale «Gaia Symphony» i Grieghallens Foajè saman med dirigent Andreas Hansson.
2012: NM-siger. Plikt: Goldberg 2012 (Svein-Henrik Giske), sjølvvald: From Ancient Times (Jan van der Roost). Opptrer på Borealisfestivalen under tittelen «Paradoksal Innovasjon» saman med dirigent Gary Peterson og performancegruppa «Brainer».
2013: Mottek ensemblestøtte frå Norsk Kulturråd for konsertserien i 2013.
NM-siger. Plikt: A tale as yet untold (Philip Sparke), sjølvvald: Spiriti (Thomas Doss)
2014: Gir ut  "John Pickard" med musikk av nevnte komponist. CDen mottar stor internasjonal merksam og positiv respons. Vinn NM for fjerde gong på rad med David King med pliktnummeret "Mutant Sonorities" av Torstein Aagaard-Nilsen og sjølvvalgt "Goldberg 2012" av Svein-Henrik Giske. Sølv i EM i Perth. Urframfører tingingsverket "Ground" av Stig Nordhagen på konsert. 
2015: Deltar i EM i Freibourg og kjem der på 4.plass med siger i sjølvvalgt avdeling. Speler konsert saman med Sjøforsvarets Musikkorps i mars i Grieghallens Foajè. Turnèar til Nordfjordeid og Bodø. Urframfører tingingsverket "Sons of Zeus" av Svein Henrik Giske for brassband og trombonesolistar Grethe Tonheim og Marius Hesby. 
2016: NM-siger. Plikt: Searching for Light (Stig Nordhagen), sjølvvalgt: Trance (Thomas Doss), dir. Nick Childs. Siddis-siger, dir. Reid Gilje med programmet "Det handler om Livet".
2017: NM-siger. Plikt: Variations on a Theme of Michael Tippett (Paul Hindmarsh, sjølvvalgt: Fraternity (Thierry Deleruyelle), dir. Ingar Bergby. EBML europameistrar for brassband i Oostende 19. april. Plikt: Where Angels Fly (Kevin Houben), sjølvvalgt: Fraternity (Thierry Deleruyelle), dir. Ingar Bergby.
SIDDIS-siger og Brass in Concert-siger, dir. Reid Gilje med programmet "Tales of the North Sea". 
2018: NM-siger, dir Ingar Bergby. Plikt: Aubade (Torstein Aagaard-Nilsen), sjølvvalgt: Partita (Heaton).  5. plass i EM, dir Ingar Bergby. 4. plass i British Open, dir Bjarte Engeset. 2.plass i Siddis brass.
2019: NM-siger, dir Ingar Bergby (Concerto Grosso - Bourgeois, Perihelion - Sparke). Stor jubileumskonsert i Grieghallen i høve 70-årsjubileum. 3.plass i EM (Ingar Bergby). Siddis-siger.

​

bottom of page