top of page
About
A-2057894-1369340228-9393.jpg

Om Eikanger-Bjørsvik Musikklag

Det er korpset og musikantane som er ledestjerna i organisasjonen vår. Korpsets visjon er «Me skal vere leiande» og det skal skje gjennom korpsets verdiar:

Kvalitet - Engasjement - Fellesskap.

 

Gjennom både det høge musikalske nivået og arbeidet med nye generasjonar korpsmusikantar viser dei seg gong på gong som flotte forbilder. 

 

Eikanger-Bjørsvik si historie starta i 1949. Men ein kan trekke historia endå lenger tilbake. Her kan du lese deg gjennom nokre av høgdepunkta.

Starten

Eikanger-Bjørsvik Musikklag vart stifta i 1971 etter eit møte mellom Eikanger Musikklag og Bjørsvik Musikklag. Bindestreken i navnet skulle vise til at det var eit samarbeidsprosjekt og ikkje to musikkorps som slo seg saman.


Men det starta før det.

I 1939 var Nils Nygård initiativtakar til å kjøpe instrument for å starte musikklag i Modalen, men på grunn av mangel på instruktørar klarte dei ikkje starte opp korpset.

 

Grunnen til at dette må nemnast er at då Eikanger Musikklag vart starta 28. februar i 1949 visste dei at det hadde vorte kjøpt inn instrument til å starte korps i Modalen. Derfor tok dei kyrkjebåten dei 50 kilometrane inn til Mo og kjøpte instrumenta som låg ubrukte der. Prisen vart satt til 1200,-.

Fakta: Nils Nygård flytta seinare til Seim i Nordhordland og vart lærar på barneskulen
der. Der hadde han Frode Rydland, eit av korpsets æresmedlemar, som elev.

To år seinare, i 1951, vart så Bjørsvik Musikklag starta 17. februar i ungdomshuset i Bjørsvik. Dirigenten for Bjørsvik Musikklag var Arlix Larsen. I åra framover var Eikanger Musikklag og Bjørsvik Musikklag nedlagt i forskjellige periodar. Eikanger var nedlagt frå 1954 til 1957 og starta opp att i 1957. Rett etter at Eikanger kom tilbake i aktivitet var Bjørsvik Musikklag lagt ned og hadde ein pause til 1966.

Fakta: Arlix Larsen var bror til Leif Larsen mest kjent som Shetland-Larsen som saman
med Shetlandsgjengen redda som redda eit utal liv under andre verdenskrig.

Samanslåing

I 1969 vart det sendt ut innkalling til eit kontaktmøte for dei to korpsa. Temaet for møtet var samanslåing og målet var å få eit større og meir velfungerande korps med tanke på drift og besetning. I 1971 vart korpsa formelt slått saman og stiftingsdatoen vart satt til datoen Eikanger Musikklag starta opp, 28. februar 1949.


Opp gjennom åra vart det ei rivande utvikling i korpset. Tom Brevik overtok korpset i 1973
og fleire konsertar og større aktivitet vart til, og Eikanger-Bjørsvik Musikklag reiste på sin
første Englandsturne i 1977. Framleis snakkast det om dei 12(!) dagane i England der
høgdepunktet var konserten i Stroud.

Fakta: I Stroud spelte ikkje korpset berre korpsmusikk. Konserten hadde også song,
band og kor frå korpset sine rekkjer på programmet.

Brassband Klubben

Eikanger-Bjørsvik var også ein av skiparane av Brassbandklubben på slutten av 70-tallet.
Brassbandklubben arrangerte det først NM for brass band i Grieghallen i 1979.

Fakta: For å få det første NM i Grieghallen opp å gå tok medlemmar i både Eikanger-
Bjørsvik og andre korps opp lån på husa sine for å sikre arrangementet.

Ein ny æra

I 1986 kom Howard Snell til Eikanger-Bjørsvik og hans første møte med korpset i november 1986 sette ein ny standard for korpset. Howard kom inn og starta kulturen som står sterkt den dag i dag.

Fakta: Howard Snell har eit mantra: «All you have to do is listen!»

Eikanger-Bjørsvik har visjonen «Me skal vere leiande» og opp gjennom åra har korpset
gjennomført konsertar, samarbeidsprosjekt og innspelingar som har sett nye standarder for kva eit brass band kan gjere.

Fakta: Eikanger-Bjørsvik var offisielt OL-korps på Lillehammer-OL, har i samarbeid
med Jo Strømgren og Carte Blanche gjort opningsforestillinga på Festspela i Bergen og hatt ein eigen TV-serie på NRK kalla Korpsfiksert. I tillegg har korpset vunne fleire utmerkingar for innspelingar som Tales and Stories (Reid Gilje), Romeo and Juliet (Bjarte Engeseth) og Gaia Symphony (Andreas Hansson).

Ingen elite utan bredde

Men kanskje det viktigaste dei seinaste åra er det som skjedde i 1997 og i 2004.


I 1997 starta Eikanger-Bjørsvik opp sitt eige sommarkurs Feriespel med Jane Westervik i bresjen. Eikanger har sidan då vist sitt samfunnsengasjement gjennom arbeidet med unge musikkantar og skulekorps.


Gjennom eit utal sit-in-øvingar, seminar, Feriespel, dei siste åra også drift av Hordaland
Ungdomsbrassband (HUBB), samarbeid med Bergen Kornettensemble og no sist prosjektet
KorpsID som startar i 2024, har korpset tatt ansvar for korpsmiljøet.


Dette fordi korpset er opptatt av å bidra til å gje unge musikantar moglegheita til å føle på
meistring og på den måten ha lyst til å fortsetja med hobbyen sin i korps på alle nivå seinare i livet.

I 2004 fekk korpset sitt eige musikkhus. Det å ha eit eige øvingslokale der ein kunne investere i god akustikk og gode lyttetilhøve har hatt mykje å seie for den musikalske utviklinga vidare.

Fakta: Eikanger-Bjørsvik sine medlemmar og folk rundt korpset har brukt over 20000
timar på Feriespelet sidan 1997.

Konkurransar

Som eit resultat av kulturen som er skapt i Eikanger-Bjørsvik har korpset vunne eit utal konkurransar. Per 2024 er korpset det mestvinnande korpset i Norge. Korpset har 21 NM-titlar, 20 Siddistitlar og 3 EM titlar for å nemne noko. Her finn du ei oversikt over mange av resultata.

 

Takk til alle dei som opp gjennom historia har bidratt med sitt til at Eikanger-Bjørsvik Musikklag er det det har blitt i dag: Eit av verdas leiande brass band.

 

Sjå her for historia år for år

Projects

MEDLEMMER

bottom of page